8 Eg høyrde svivørdinga ¬frå Moabog spottorda frå ammonittane,då dei svivørde folket mittog briska seg mot landet deira.
9 Difor, lyder ordet frå Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:Så sant eg lever,skal det gå Moab som Sodomaog ammonittane som ¬Gomorra;dei skal verta ei neslemark, ¬ei saltgruve,ei øydemark til evig tid.Dei som er att av folket mitt,skal plyndra dei,resten av folket ¬skal ta dei i eige.
10 Dette skal hendafordi dei var storlåtne,fordi dei var stolteog spotta folket åt Herren, ¬Allhærs Gud.
11 Dei skal få age for Herrennår han rydjar ut alle gudane ¬på jorda.Og dei som bur på strendene ¬langt borte,skal tilbe han, kvar på sin stad.
12 De òg, nubiarar,skal falla for mitt sverd.
13 Han retter ut handa mot nordog øydelegg Assur.Han gjer Ninive til audn,turr som ei øydemark.
14 Midt i byen ¬skal buskapar kvilaog ville dyr av alle slag.Pelikan og hegre skal sovapå søylehovuda derog ugla tuta frå vindaugo,på dørstokken ¬skal ramnen sitja.Sederpanelet skal rivast av.