12 Eg leiver i degeit armt og audmjukt folk.Dei skal setja si lit ¬til Herrens namn,
13 dei som er att av Israel.Dei gjer ingen urett meirog talar ikkje lygn.Det finst ingen svikefull tale ¬i deira munn.Dei går på beite og kviler trygt,det er ingen som skræmer dei.
14 Set i og jubla, Sions dotter!Rop av fryd, Israel!Gled deg, Jerusalems dotter,og jubla av heile ditt hjarta!
15 Herren har fria deg ¬frå straffedomenog teke bort dine fiendar.Herren, Israels konge, ¬er hjå deg,du skal ikkje lenger vera redd ¬noko vondt.
16 Den dagen skal dei seia ¬til Jerusalem:Ver ikkje redd, Sion!Lat ikkje hendene siga!
17 Herren din Gud er hjå deg,ei kjempe som kan frelsa.Han gleder og frydar seg ¬over deg,tek deg atter inn i sin kjærleik.Han jublar over deg med fryd,
18 som på ein høgtidsdag.Eg friar deg frå den dagendå du må tola spott.