2 Han høyrer ikkje ¬på Herrens røystog tek ikkje imot tukt.Han set ikkje si lit til Herrenog held seg ikkje nær ¬til sin Gud.
3 Hovdingane i byen ¬er som brølande løver,og domarane som steppeulvar;dei sparer ingenting ¬til morgondagen.
4 Profetane er skrytande, ¬trulause menn,prestane krenkjer ¬det som er heilagt,og gjer vald mot lova.
5 Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon ¬feller han rettferdig dom,den kjem like visst som ljoset.Men ugjerningsmannen ¬kjenner ikkje skam.
6 Eg har øydt ut folkeslag,deira borgtårn ligg i grus.Eg har gjort deira gater aude,så ingen ferdast på dei.Byane deira er herja ¬og folketome,ingen bur der lenger.
7 Eg sa: ¬«Berre du ville ottast megog ta imot lærdom!»Så skulle byens bustader ¬ikkje verta øydelagdeog mi straff ¬aldri koma over han.Men dei synda seint og tidlegog gjorde berre vondt.
8 Difor, venta på meg,lyder ordet frå Herren,til eg står fram ¬som vitne mot dei.For det er min rett å samla folkog føra saman kongerikeog renna ut min harme over dei,all min brennande vreide.For i min brennhugskal eg øyda heile jorda.