5 Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon ¬feller han rettferdig dom,den kjem like visst som ljoset.Men ugjerningsmannen ¬kjenner ikkje skam.
6 Eg har øydt ut folkeslag,deira borgtårn ligg i grus.Eg har gjort deira gater aude,så ingen ferdast på dei.Byane deira er herja ¬og folketome,ingen bur der lenger.
7 Eg sa: ¬«Berre du ville ottast megog ta imot lærdom!»Så skulle byens bustader ¬ikkje verta øydelagdeog mi straff ¬aldri koma over han.Men dei synda seint og tidlegog gjorde berre vondt.
8 Difor, venta på meg,lyder ordet frå Herren,til eg står fram ¬som vitne mot dei.For det er min rett å samla folkog føra saman kongerikeog renna ut min harme over dei,all min brennande vreide.For i min brennhugskal eg øyda heile jorda.
9 Då vil eg skapa folka omog gje dei reine lipper,så dei alle kallar på Herrenog samlyndte tener han.
10 Frå landet bortanfor elvane ¬i Nubiaskal mitt spreidde folk ¬som tilbed meg,koma til meg med offergåver.
11 Den dagen skal du ikkje ¬skjemmast lengerover alle brotsverk ¬du gjorde mot meg.For då tek eg bort ifrå degdei som jublar i hovmod.Du skal ikkje meir vera stor ¬og stolther på mitt heilage fjell.