1. Timoteus 4 N78NN

Vranglære i den siste tida

1 Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter.

2 Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit.

3 Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga.

4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk.

5 Det vert helga med Guds ord og bøn.

Ansvaret for kyrkjelyden

6 Når du lærer brørne dette, er du ein god Kristi Jesu tenar som nærer seg av det ordet som skaper tru, og av den gode læra, som du alltid har fylgt.

7 Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tom tale. Øv deg heller i gudsfrykt.

8 For kroppsleg øving er ikkje gagnleg til mykje, men gudsfrykt er gagnleg til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.

9 Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot.

10 Difor er det vi arbeider og strider. For vi har sett vår von til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men fyrst og fremst for dei som trur.

11 Dette skal du byda og læra.

12 Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik.

13 Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem.

14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

15 Ta deg av alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.

16 Gjev akt på deg sjølv og lærargjerninga di! Hald fram med det! For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.

Kapitler

1 2 3 4 5 6