1 Tal ikkje hardt til ein gamal mann. Når du formanar han, så tal til han som til ein far. Unge menn skal du sjå på som brør,
2 eldre kvinner som mødrer og yngre kvinner som systrer, i reinleik.
3 Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa.
4 Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei fyrst læra å visa gudsfrykt i sin eigen huslyd og gje dei gamle vederlag. For det er etter Guds vilje.
5 Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett si von til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag.
6 Men den som berre vil nyta livet, er levande død.
7 Det òg skal du prenta inn, så det ikkje skal vera noko å seia på dei.