13 Dessutan har dei ikkje noko å gjera og ven seg til å springa kring i husa. Ja, ikkje nok med at dei ingen ting gjer; dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker som ikkje kjem dei ved, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg.
14 Difor vil eg at dei unge enkjene skal gifta seg, få born og styra huset sitt, så dei ikkje kjem ut for spott og motstandaren får sleppa til.
15 Nokre har alt vendt seg bort og fylgt Satan.
16 Om ei truande kvinne har enkjer hjå seg, skal ho syta for dei og ikkje la dei vera til tyngsle for kyrkjelyden; så kan kyrkjelyden ta seg av dei enkjene som er åleine.
17 Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som arbeider med forkynning og opplæring.
18 For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd.
19 Godta ikkje klagemål mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne.