15 Nokre har alt vendt seg bort og fylgt Satan.
16 Om ei truande kvinne har enkjer hjå seg, skal ho syta for dei og ikkje la dei vera til tyngsle for kyrkjelyden; så kan kyrkjelyden ta seg av dei enkjene som er åleine.
17 Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som arbeider med forkynning og opplæring.
18 For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd.
19 Godta ikkje klagemål mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne.
20 Dei som syndar, skal du tala til rettes medan alle høyrer på, til skrekk og åtvaring for andre.
21 Eg byd deg for Guds og Jesu Kristi åsyn og for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordomar og utan å gjera skil på folk.