1 Alle som er trælar under åket, skal visa herrane sine den vørdnad dei har krav på, så Guds namn og læra ikkje skal verta spotta.
2 Og de trælar som har truande herrar, skal ikkje visa dei mindre vørdnad fordi dei er brør. Nei, de skal tena dei med endå større ihuge, for dei er truande og kjære brør som legg vinn på å gjera vel. Dette skal du læra og påminna om.
3 Om nokon fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til,
4 då er han hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar
5 og stadig krangel mellom menneske som har mist dømekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.