4 då er han hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar
5 og stadig krangel mellom menneske som har mist dømekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.
6 Ja, gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning.
7 For vi har ikkje hatt noko med oss til verda, og vi kan heller ikkje ta noko med oss herifrå.
8 Har vi mat og klede, skal vi vera nøgde med det.
9 Dei som vil verta rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.
10 For kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt. Drivne av pengehug har mange fare vilt og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.