Filemon 1 N78NN

Helsing

1 Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære medarbeidar,

2 og Appia, syster vår, og Arkippus, vår medstridsmann, og kyrkjelyden som samlast i heimen din.

3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Filemons tru og kjærleik

4 Eg takkar alltid min Gud når eg nemner deg i bønene mine.

5 For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus.

6 Saman med dei eig du trua, og det er mi bøn at ho må vera verksam, så du kan skjøna kva godt vi skal gjera for Kristus.

7 Det har vore ei stor glede og trøyst for meg å høyra om kjærleiken din, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte.

Filemon og Onesimus

8 I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.

9 Men kjærleiken gjer at eg heller kjem med ei bøn. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no òg Kristi Jesu fange,

10 bed eg deg for Onesimus, son min som eg har fått i mitt fangenskap.

11 Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig både for meg og deg.

12 Når eg no sender han attende til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarta.

13 Eg hadde gjerne hatt han hjå meg, så han i din stad kunne hjelpa meg når eg no er i lekkjer for evangeliet.

14 Men utan ditt samtykke ville eg ingen ting gjera, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje.

15 Kan henda vart han teken frå deg for ei stund, så du skal få han att for alltid,

16 ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.

17 Så sant du held meg for ein bror i trua, så ta imot han som meg sjølv.

18 Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!

19 Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.

20 Ja, bror, lat meg ha gagn av deg i Herren! Gjer meg glad og frimodig i Kristus!

21 I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er viss på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om.

22 Og ein ting til: Stell til gjesteromet åt meg! For eg vonar Gud vil høyra bønene dykkar og la meg få koma til dykk.

23 Eg skal helsa deg frå Epafras, som er fange saman med meg for Kristi Jesu skuld,

24 like eins frå Markus, Aristark, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.

25 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

Kapitler

1