Hebrearane 3 N78NN

Guds folk i øydemarka – og i dag

Jesus er større enn Moses

1 Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest, Jesus.

2 Han var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var trufast i heile Guds hus.

3 Jesus var verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større ære enn huset han byggjer.

4 Eit hus må alltid vera bygt av einkvan; men den som har bygt alt, det er Gud.

5 Moses var trufast i heile Guds hus, som tenar. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast.

6 Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er vi, så sant vi heilt til det siste held fast på frimodet og den vona vi rosar oss av.

I dag, om de høyrer hans røyst

7 Difor, som Den Heilage Ande seier:I dag, om de høyrer hans røyst,

8 så gjer ikkje hjarto dykkar ¬hardesom den gongen fedrane ¬dykkar trassa meg,den dagen dei eggja meg ¬i øydemarka.

9 Der eggja dei megog sette meg på prøve,

10 endå dei hadde sett ¬mine gjerningar i førti år.Difor fekk eg uvilje ¬mot denne ættaog sa: Dei fer alltid vilt ¬i sitt hjarta,dei kjenner ikkje mine vegar.

11 Så svor eg i min vreide:Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile!

12 Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud.

13 Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda.

14 For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida.

15 Når det heiter:I dag, om de høyrer hans røyst,så gjer ikkje hjarto dykkar ¬hardesom den gongen dei trassa meg,

16 kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt?

17 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka?

18 Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige?

19 Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13