2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.
3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:Så svor eg i min vreide:Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile!Guds verk var nok fullført då verda vart skapt.
4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk.
5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.
7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:I dag, om de høyrer hans røyst,så gjer ikkje hjarto dykkar ¬harde.
8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.