3 Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med sendeboda frå kongen i Samaria og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel sidan de går for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron?
4 Difor seier Herren: Du kjem ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.» Så gjekk Elia.
5 Sendeboda vende då attende til kongen. «Kvifor kjem de alt att?» spurde han.
6 Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå tilbake til kongen som sende dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel sidan du sender bod for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.»
7 Kongen spurde dei: «Korleis var han, den mannen som kom imot dykk og snakka slik til dykk?»
8 Dei svara: «Det var ein hårete mann med eit skinnklede bunde om livet.» Då sa han: «Det var Elia frå Tisjbe!»
9 No sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Då han nådde toppen av berget der Elia sat, sa han til han: «Gudsmann, kongen seier: Kom ned!»