2. Kongebok 2 N11NN

Elia blir oppteken til himmelen

1 Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, gjekk det slik til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal.

2 Elia sa til Elisja: «Ver her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei ned til Betel.

3 Profetlæresveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit òg det. Tei berre stilt!»

4 Så sa Elia til han: «Ver her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko.

5 Profetlæresveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»

6 No sa Elia til han: «Ver her! For Herren sender meg til Jordan.» Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei vidare saman.

7 Femti av profetlæresveinane følgde etter dei. Dei vart ståande midt imot Elia og Elisja langt borte, medan dei to stilte seg opp ved Jordan.

8 Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då skilde vatnet seg, og begge gjekk over på tørre botnen.

9 Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei meg, kva kan eg gjera for deg før eg blir teken frå deg?» Elisja sa: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!»

10 Elia svara: «Det er vanskeleg, det du ber om. Men ser du meg når eg blir teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»

11 Medan dei gjekk der og snakka saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei frå kvarandre. Og Elia fór opp til himmelen i stormen.

12 Då Elisja såg dette, ropa han: «Min far, min far! Israels vogner og ryttarar!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke.

13 Så tok han opp kappa til Elia, som hadde falle av han. Han gjekk tilbake og stilte seg ved bredda av Jordan.

14 Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Elisja slo òg på vatnet så det skilde seg, og han gjekk over.

15 Profetlæresveinane frå Jeriko som stod midt imot han, såg dette og sa: «Ånda til Elia kviler over Elisja.» Og dei kom imot han og kasta seg til jorda for han.

16 Så sa dei: «Det er femti sterke menn her hos tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens ande har lyft han opp og sleppt han ned på eit av fjella eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.»

17 Men dei trygla og bad han heilt til han gav etter og sa: «Så send dei ut!» Så sende dei ut femti mann som leita etter Elia i tre dagar, men dei fann han ikkje.

18 Dei kom tilbake til Elisja, som hadde vorte verande i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle gå?»

Elisja gjer under i Jeriko og Betel

19 Mennene i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen fint til. Men vatnet er dårleg, og jorda gjev ikkje grøde.»

20 Då sa han: «Hent eit nytt fat til meg og ha salt oppi det!» Dei gjorde det.

21 Og så gjekk han ut til den staden der vatnet strøymde fram, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.»

22 Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja hadde sagt.

23 Frå Jeriko drog profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom nokre smågutar ut av byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!»

24 Då han snudde seg og fekk sjå dei, forbanna han dei i Herrens namn. Og to bjørnar kom ut or skogen og reiv i hel førtito av borna.

25 Frå Betel drog Elisja til Karmelfjellet, og så vende han attende til Samaria.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25