7 Kongen spurde dei: «Korleis var han, den mannen som kom imot dykk og snakka slik til dykk?»
8 Dei svara: «Det var ein hårete mann med eit skinnklede bunde om livet.» Då sa han: «Det var Elia frå Tisjbe!»
9 No sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Då han nådde toppen av berget der Elia sat, sa han til han: «Gudsmann, kongen seier: Kom ned!»
10 Elia svara: «Så sant eg er ein gudsmann: Eld skal fara ned frå himmelen og øyda deg og dine femti mann!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans.
11 Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skund deg og kom ned!»
12 Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, skal eld fara ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Og Guds eld fór ned frå himmelen og øydde han og mennene hans.
13 Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Då denne tredje føraren var komen opp, fall han på kne framfor Elia og bad for seg: «Gudsmann», sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine!