1 Ahab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til stormennene i Jisreel, til dei eldste og til fosterfedrane for sønene til Ahab. Han skreiv:
2 «Når dette brevet kjem til dykk som har kongssønene hos dykk, og som rår over vognene og hestane, festningsbyane og våpna,
3 så vel dykk ut den beste og mest skikka av sønene til herren dykkar! Set han på trona til far hans og kjemp for kongens hus!»
4 Då vart dei svært redde og sa: «Høyr, dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?»
5 Så sende borgherren, bykommandanten, dei eldste og fosterfedrane bod til Jehu og sa: «Vi er tenarane dine, og alt det du bed oss gjera, vil vi gjera. Vi vil ikkje velja nokon konge. Gjer det som er best i dine auge!»
6 Så skreiv Jehu endå eit brev til dei, og der stod det: «Er de på mi side og lyder meg, så hogg hovudet av sønene til herren dykkar og kom til meg i Jisreel i morgon på denne tid.» Kongssønene, alle sytti, var hos stormennene i byen, som fostra dei opp.