17 Då Jehu kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Ahabs hus der i byen. Han rydda ut kvar einaste ein, slik Herren hadde sagt til Elia.
18 Sidan samla Jehu heile folket og sa til dei: «Ahab dyrka Baal litt, Jehu vil dyrka han mykje.
19 Kall no alle Baal-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle prestane hans! Ingen må vanta, for no skal eg halda ein stor offerfest for Baal. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Dette var ei list Jehu fann på så han kunne få rydda ut alle Baal-dyrkarane.
20 «Rop ut ei heilag høgtidssamling for Baal!» sa han, og det gjorde dei.
21 Jehu sende bod rundt i heile Israel, og alle Baal-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Då dei gjekk inn i Baal-tempelet, vart huset fullt frå ende til annan.
22 Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram klede til alle Baal-dyrkarane!» Og han henta fram drakter til dei.
23 Då Jehu, saman med Jonadab, son til Rekab, kom inn i Baal-tempelet, sa han til Baal-dyrkarane: «Sjå vel etter at det berre er Baal-dyrkarar mellom dykk, ikkje ein einaste som dyrkar Herren.»