21 Jehu sende bod rundt i heile Israel, og alle Baal-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Då dei gjekk inn i Baal-tempelet, vart huset fullt frå ende til annan.
22 Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram klede til alle Baal-dyrkarane!» Og han henta fram drakter til dei.
23 Då Jehu, saman med Jonadab, son til Rekab, kom inn i Baal-tempelet, sa han til Baal-dyrkarane: «Sjå vel etter at det berre er Baal-dyrkarar mellom dykk, ikkje ein einaste som dyrkar Herren.»
24 Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor tempelet og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»
25 Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpenberarane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ikkje ein einaste sleppa unna!» Livvakta og våpenberarane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i det inste av Baal-tempelet,
26 bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.
27 Dei knuste Baal-støtta, reiv ned Baal-tempelet og gjorde det om til latriner, som det er den dag i dag.