33 På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet der Gad-, Ruben- og Manasse-stammane budde, heilt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan.
34 Det som elles er å fortelja om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
35 Jehu gjekk til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Joahas, son hans, vart konge etter han.
36 Den tida Jehu var konge over Israel i Samaria, var tjueåtte år.