7 Då dei fekk brevet, tok dei kongssønene og drap alle sytti. Hovuda deira la dei i nokre korger og sende dei til Jehu i Jisreel.
8 Då han fekk melding om at dei var komne med hovuda til kongssønene, sa han: «Legg dei i to haugar utfor porten til i morgon!»
9 Om morgonen gjekk Jehu ut, stilte seg opp der og tala til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse?
10 Vit då at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Ahabs hus, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.»
11 Så slo Jehu i hel alle som var att av Ahabs hus i Jisreel, og alle kongens stormenn, kjenningar og prestar. Han lét ikkje ein einaste vera att.
12 Sidan braut Jehu opp og drog til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro'im.
13 Der møtte han brørne til Ahasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Ahasja», svara dei. «Vi skal ned og helsa på sønene til kongen og dronninga.»