9 Om morgonen gjekk Jehu ut, stilte seg opp der og tala til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse?
10 Vit då at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Ahabs hus, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.»
11 Så slo Jehu i hel alle som var att av Ahabs hus i Jisreel, og alle kongens stormenn, kjenningar og prestar. Han lét ikkje ein einaste vera att.
12 Sidan braut Jehu opp og drog til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro'im.
13 Der møtte han brørne til Ahasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Ahasja», svara dei. «Vi skal ned og helsa på sønene til kongen og dronninga.»
14 Då sa Jehu: «Ta dei levande!» Det gjorde dei og slo dei i hel ved brønnen i Bet-Eked, førtito mann i alt. Han lét ikkje ein einaste vera att.
15 Då han drog derifrå, trefte han Jonadab, son til Rekab, som kom imot han. Jehu helsa på han og sa: «Er du med meg av heile ditt hjarte slik eg er med deg?» «Ja», svara Jonadab. «Er det så, gjev meg handa på det!» sa Jehu. Han gav han handa, og Jehu lét han stiga opp til seg i vogna.