16 Så greip dei Atalja. Og då ho var komen gjennom Hesteporten og inn i kongeborga, vart ho drepen der.
17 Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.
18 Så gjekk heile folkemengda til Baal-tempelet og reiv det ned. Altara og gudebileta knuste dei, og Baal-presten Mattan drap dei framfor altaret.Presten Jojada sette ut vaktpostar ved Herrens hus.
19 Så tok han med seg hundremannsførarane, livvakta, vaktmennene og heile folkemengda. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og følgde han inn i kongeborga gjennom Vaktporten. Der sette han seg på trona.
20 Heile folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongeborga.
21 Joasj var sju år gammal då han vart konge.