8 De skal stilla dykk i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand. Om nokon trengjer seg inn i rekkjene, skal han døy. De må følgja kongen kvar han går og står.»
9 Hundremannsførarane gjorde i eitt og alt som presten Jojada gav ordre om. Kvar tok sine menn; dei tok både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada.
10 Presten gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.
11 Og vaktmennene stilte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av tempelet, nær ved altaret og huset, i ein ring rundt kongen.
12 Så førte Jojada kongssonen ut, sette krona på han og gav han kongesymbola. Dei ropa han ut til konge og salva han, klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»
13 Då Atalja høyrde ropa frå vaktmennene og folkemengda, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.
14 Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!»