1 Det var i det sjuande styringsåret til Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba.
2 Så lenge han levde, gjorde Joasj det som rett var i Herrens auge, slik presten Jojada hadde lært han.
3 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram å ofra og tenna offereld på haugane.
4 Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i form av gangbar mynt – det som kvar einskild skal betala i skatt eller vil gje etter eige ønske – alt skal førast til Herrens hus,