10 Når dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren til kongen og overpresten. Dei samla og talde opp pengane som fanst i Herrens hus.
11 Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på tempelet,
12 til murarane og steinhoggarane. Dei brukte dei òg til å kjøpa tre og hoggen stein så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Slik dekte dei alle utgiftene med å halda tempelet i stand.
13 Men dei pengane som kom inn til tempelet, vart ikkje brukte til å laga sølvbollar, lysesakser, offerskåler eller trompetar eller noko anna utstyr av gull eller sølv.
14 Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som sytte for å setja Herrens hus i stand.
15 Ingen heldt rekneskap med dei som tok imot pengane og gav dei til handverkarane, for dei fór ærleg fram.
16 Pengar frå skuldofferet og frå syndofferet gjekk ikkje til Herrens hus. Dei fekk prestane.