17 På den tid gjekk aramearkongen Hasael til åtak på Gat og tok byen. Så sette han seg føre å fara opp mot Jerusalem.
18 Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som forfedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Ahasja, hadde helga til tempelet, og det han sjølv hadde helga. Saman med alt gullet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga, sende han det til Hasael, aramearkongen. Han drog då bort frå Jerusalem.
19 Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
20 Mennene hans reiste seg mot kongen og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset då han var på veg ned mot Silla.
21 Dei kongsmennene som slo han i hel, var Josakar, son til Sjimat, og Josabad, son til Sjomer. Dei gravla han hos fedrane hans i Davidsbyen, og Amasja, son hans, vart konge etter han.