2 Så lenge han levde, gjorde Joasj det som rett var i Herrens auge, slik presten Jojada hadde lært han.
3 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram å ofra og tenna offereld på haugane.
4 Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i form av gangbar mynt – det som kvar einskild skal betala i skatt eller vil gje etter eige ønske – alt skal førast til Herrens hus,
5 og prestane skal ta imot, kvar frå sine underordna. Så skal dei setja tempelet i stand, alle stader der det er skadd.»
6 Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane enno ikkje sett tempelet i stand der det var skadd.
7 Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar frå dykkar underordna, men gje dei frå dykk så tempelet kan setjast i stand.»
8 Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket. Men så skulle dei heller ikkje setja i stand tempelet.