18 Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.
19 Då vart gudsmannen sint på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»
20 Så døydde Elisja og vart gravlagd.På den tid kom det kvart år flokkar av moabittar for å plyndra i landet.
21 Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik røvarflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina til Elisja, vart han levande att og reiste seg opp.
22 Aramearkongen Hasael gjorde israelittane vondt så lenge Joahas levde.
23 Men Herren var nådig og mild mot dei. Han vende seg til dei på grunn av pakta si med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og har til no ikkje støytt dei bort frå andletet sitt.
24 Då aramearkongen Hasael døydde, vart Ben-Hadad, son hans, konge etter han.