21 Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik røvarflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina til Elisja, vart han levande att og reiste seg opp.
22 Aramearkongen Hasael gjorde israelittane vondt så lenge Joahas levde.
23 Men Herren var nådig og mild mot dei. Han vende seg til dei på grunn av pakta si med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og har til no ikkje støytt dei bort frå andletet sitt.
24 Då aramearkongen Hasael døydde, vart Ben-Hadad, son hans, konge etter han.
25 Joasj, son til Joahas, vann då att frå Ben-Hadad, son til Hasael, dei byane som Hasael hadde teke frå Joahas, far hans, i krigen. Tre gonger slo Joasj han og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.