3 Då vart Herren brennande harm på Israel. Gong på gong gav han dei over i hendene på aramearkongen Hasael og son hans, Ben-Hadad.
4 Men Joahas bad om velvilje for Herrens andlet, og Herren høyrde bøna hans; for han såg korleis aramearkongen undertrykte israelittane.
5 Herren gav dei ein bergingsmann, så dei slapp fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i fred som før.
6 Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams hus hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Til og med Asjera-pålen vart ståande i Samaria.
7 Joahas hadde ikkje meir att enn femti ryttarar, ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.
8 Det som elles er å seia om Joahas, om alt han gjorde, og om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
9 Joahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.