7 Joahas hadde ikkje meir att enn femti ryttarar, ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.
8 Det som elles er å seia om Joahas, om alt han gjorde, og om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
9 Joahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.
10 I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joahas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.
11 Joasj gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.
12 Det som elles er å seia om Joasj, om alt han gjorde, og om storverka hans i krigen med Amasja, kongen i Juda, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
13 Då Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine, sette Jeroboam seg på trona hans. Joasj vart gravlagd i Samaria mellom Israels-kongane.