1 I det andre året Joasj, son til Joahas, var konge i Israel, vart Amasja, son til Joasj, konge i Juda.
2 Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
3 Amasja gjorde det som rett var i Herrens auge, men ikkje heilt som David, stamfar hans. Han gjorde alt slik som Joasj, far hans, hadde gjort.
4 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og tenna eld på haugane.