11 Men Amasja ville ikkje høyra på han. Då rykte Israels-kongen Joasj ut mot Amasja, kongen i Juda. Dei kjempa andlet til andlet i Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
12 Judearane vart slegne av israelittane og flykta kvar til sitt.
13 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Ahasja, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten.
14 Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga, og dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.
15 Det som elles er å fortelja om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
16 Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria hos Israels-kongane. Jeroboam, son hans, vart konge etter han.
17 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død.