18 Det som elles er å fortelja om Amasja, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
19 Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då flykta han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.
20 Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd i Davidsbyen, der fedrane hans låg.
21 Heile folket i Juda tok Asarja, som då var seksten år gammal, til konge etter Amasja, far hans.
22 Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine.
23 I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år.
24 Jeroboam gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på.