26 For Herren hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute med alle som ein, og dei hadde ingen til å hjelpa seg.
27 Men Herren hadde ikkje sagt at han ville utsletta Israels namn under himmelen. Difor berga han dei gjennom Jeroboam, son til Joasj.
28 Det som elles er å fortelja om Jeroboam og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen då han vann att Damaskus og Hamat for Israel, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
29 Jeroboam gjekk til kvile hos fedrane sine, Israels-kongane, og Sakarja, son hans, vart konge etter han.