4 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og tenna eld på haugane.
5 Så snart Amasja hadde kongedømet trygt i si hand, slo han i hel dei tenarane som hadde drepe far hans, kongen.
6 Men borna åt drapsmennene slo han ikkje i hel. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der Herren byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.
7 Amasja slo edomittane i Saltdalen, ti tusen mann. I den krigen tok han Sela. Han gav byen namnet Jokteel, som han heiter den dag i dag.
8 På den tid sende Amasja bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han.
9 Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned.
10 Du har slege edomittane, og difor har du vorte overmodig. Ver no nøgd med den æra du har, og hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke så du går til grunne, og Juda med deg?»