1 I det tjuesjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asarja, son til Amasja, konge i Juda.
2 Han var seksten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
3 Asarja gjorde det som rett var i Herrens auge, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.
4 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og brenna offereld på haugane.
5 Men Herren rørte ved kongen slik at han leid av ein hudsjukdom heilt til sin dødsdag. Han budde i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, styrte slottet og folket i landet.
6 Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
7 Asarja gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd hos fedrane sine i Davidsbyen, og Jotam, son hans, vart konge etter han.