10 Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.
11 Det som elles er å seia om Sakarja, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
12 Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ledd skal sønene dine sitja på Israels trone.» Og slik vart det.
13 Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.
14 Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i hans stad.
15 Det som elles er å seia om Sjallum og samansverjinga han fekk i stand, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
16 Så øydela Menahem Tappuah og alt som var i byen, og områda ikring heilt til Tirsa. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinner som var med barn.