14 Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i hans stad.
15 Det som elles er å seia om Sjallum og samansverjinga han fekk i stand, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
16 Så øydela Menahem Tappuah og alt som var i byen, og områda ikring heilt til Tirsa. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinner som var med barn.
17 Det var i det trettiniande styringsåret til Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.
18 Menahem gjorde det som vondt var i Herrens auge. Så lenge han levde, heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, som til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
19 Assyrarkongen Pul gjekk til åtak på landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv for at han skulle støtta han og tryggja kongsmakta hans.
20 Sølvet til assyrarkongen kravde Menahem inn frå alle velståande israelittar, femti sjekel frå kvar. Då trekte assyrarkongen seg tilbake; han vart ikkje ståande i landet.