19 Assyrarkongen Pul gjekk til åtak på landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv for at han skulle støtta han og tryggja kongsmakta hans.
20 Sølvet til assyrarkongen kravde Menahem inn frå alle velståande israelittar, femti sjekel frå kvar. Då trekte assyrarkongen seg tilbake; han vart ikkje ståande i landet.
21 Det som elles er å seia om Menahem og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
22 Menahem gjekk til kvile hos fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.
23 I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.
24 Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
25 Våpenberaren hans, Pekah, son til Remalja, fekk i stand ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i slottet til kongen. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i hans stad.