20 Sølvet til assyrarkongen kravde Menahem inn frå alle velståande israelittar, femti sjekel frå kvar. Då trekte assyrarkongen seg tilbake; han vart ikkje ståande i landet.
21 Det som elles er å seia om Menahem og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
22 Menahem gjekk til kvile hos fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.
23 I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.
24 Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
25 Våpenberaren hans, Pekah, son til Remalja, fekk i stand ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i slottet til kongen. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i hans stad.
26 Det som elles er å seia om Pekahja og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.