23 I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.
24 Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
25 Våpenberaren hans, Pekah, son til Remalja, fekk i stand ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i slottet til kongen. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i hans stad.
26 Det som elles er å seia om Pekahja og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
27 Det var i det femtiandre styringsåret til Juda-kongen Asarja at Pekah, son til Remalja, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år.
28 Pekah gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
29 På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen av Assur, og tok Ijjon, Abel-Bet-Maaka, Janoah, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og han førte folket bort til Assur.