26 Det som elles er å seia om Pekahja og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
27 Det var i det femtiandre styringsåret til Juda-kongen Asarja at Pekah, son til Remalja, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år.
28 Pekah gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
29 På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen av Assur, og tok Ijjon, Abel-Bet-Maaka, Janoah, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og han førte folket bort til Assur.
30 Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah, son til Remalja. Hosea slo han i hel og vart konge i hans stad. Dette var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.
31 Det som elles er å seia om Pekah og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
32 I det andre året Pekah, son til Remalja, var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.