32 I det andre året Pekah, son til Remalja, var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.
33 Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.
34 Jotam gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt som Ussia, far hans, hadde gjort.
35 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og tenna offereld på haugane. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus.
36 Det som elles er å seia om Jotam og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
37 På den tid byrja Herren å la aramearkongen Resin og Pekah, son til Remalja, gå mot Juda.
38 Så gjekk Jotam til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Ahas, son hans, vart konge etter han.