4 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og brenna offereld på haugane.
5 Men Herren rørte ved kongen slik at han leid av ein hudsjukdom heilt til sin dødsdag. Han budde i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, styrte slottet og folket i landet.
6 Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
7 Asarja gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd hos fedrane sine i Davidsbyen, og Jotam, son hans, vart konge etter han.
8 I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.
9 Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik fedrane hans hadde gjort. Han heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
10 Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.