1 I det syttande styringsåret til Pekah, son til Remalja, vart Ahas, son til Jotam, konge i Juda.
2 Han var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Ahas gjorde ikkje det som rett var i Herren hans Guds auge slik som David, stamfar hans, hadde gjort,
3 Han følgde i fotefara til Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden. Dette var ein avskyeleg skikk som han fekk frå dei folkeslaga som Herren hadde drive vekk framfor israelittane.
4 Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.
5 På den tida drog aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah, son til Remalja, i krig mot Jerusalem. Dei kringsette Ahas, men greidde ikkje å gå til åtak.