16 Og presten Uria gjorde i eitt og alt som kongen hadde pålagt han.
17 Kong Ahas skar av tverrlistene på vognstativa og tok vekk vaskefata. Så tok han havet ned av bronseoksane som bar det, og sette det på eit underlag av stein.
18 Av omsyn til assyrarkongen flytte han den overbygde sabbatsgangen og den ytre kongeinngangen som var i Herrens hus.
19 Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
20 Så gjekk Ahas til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Hiskia, son hans, vart konge etter han.