3 Han følgde i fotefara til Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden. Dette var ein avskyeleg skikk som han fekk frå dei folkeslaga som Herren hadde drive vekk framfor israelittane.
4 Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.
5 På den tida drog aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah, son til Remalja, i krig mot Jerusalem. Dei kringsette Ahas, men greidde ikkje å gå til åtak.
6 Det var den gongen aramearkongen Resin vann Eilat tilbake til Aram og dreiv judearane ut av byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og dei bur der den dag i dag.
7 Då sende Ahas bod til assyrarkongen Tiglat-Pileser og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berg meg frå aramearkongen og Israels-kongen som har reist seg mot meg.»
8 Ahas tok sølvet og gullet som var i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga, og sende det som gåve til kongen av Assur.
9 Og assyrarkongen høyrde på han. Han drog opp mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.