18 Herren vart brennande harm på israelittane og støytte dei frå sitt andlet. Berre Juda-stammen vart att.
19 Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei følgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn.
20 Difor vraka Herren heile Israels ætt. Han audmjuka dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til slutt frå sitt andlet.
21 For Israel reiv seg laus frå Davids hus og tok Jeroboam, son til Nebat, til konge. Jeroboam leidde israelittane bort frå Herren, og han fekk dei til å gjera stor synd.
22 Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med dei.
23 Til sist støytte Herren dei frå sitt andlet, slik han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart førte bort frå landet sitt til Assur, og der har dei vore til denne dag.
24 Assyrarkongen henta folk frå Babel, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.